Quantcast
Channel: På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål » Liselotte Forslin
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4

Coleslaw

$
0
0

Coleslaw er eit av dei gode matminna eg har frå då eg jobba i USA. Det vart brukt som tilbehør til «det meste» og smakte godt uansett. Coleslaw er ein tilbehørssalat som passar supert til smørbrød, grillmat og all slags kjøt, kylling og fisk. Der er to triks som du må hugse på for å få den god; 

  1. Du må ikkje bruke for mykje majonnes og rømme.
  2. Du må ikkje blande salaten for mykje! Den skal berre løftast for siktig når du blandar. 

Denne oppskrifta sørger for at du klarer triks nr. 1 og så må du sørge for å øve deg på triks nr. 2! 

coleslaw

Coleslaw (4-6 porsjonar)

250 g fersk hovudkål

1 middels stor gulrot

1/2 grønt eple, t.d. Granny Smith

1 ss eplesidereddik

2 ts søt (mild) sennep (eg brukte Dijon-sennep)

1 ss riven peparrot, evt. frå tube

2 ss majonnes

1 dl rømme

1 ts flaksalt (gjerne Maldonsalt)

nykverna svart pepar

Skjær hovudkål i svært tynne strimlar. Skjær gulrota i lange strimlar med potetskrellaren, prøv å få dei så tynne som råd. Skjær eplet i tynne skiver.

Bland kål, gulrot og eple i ein stor bolle. 

Rør saman eddik, sennep og peparrot i en annan bolle. Rør inn majonnes og rømme, smak til med salt og pepar. 

Bland ikkje for mykje, då vert salaten tung og fuktig. 

PS! Dersom sennepen du brukar ikkje er søt nok, så kan du tilsette litt sukker. Dersom du har dillfrø tilgjengeleg, så kan du godt tilsette pittelitt av det. 

coleslaw1

Oppskrifta er henta frå boka «Junk Food» av Liselotte Forslin. 

The post Coleslaw appeared first on På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4

Trending Articles


EASY COME, EASY GO


INUMAN QUOTES


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Patama tagalog quotes – Move On Quotes


“BAHAY KUBO HUGOT”


RE: Mutton Pies (frankie241)


Ka longiing longsem kaba skhem bad kaba khlain ka pynlong kein ia ka...


Vimeo Create - Video Maker & Editor 1.5.2 by Vimeo Inc


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 11.8.1 by Vimeo.com, Inc.


HOY PANGIT, MAGBAYAD KA!


Girasoles para colorear


Pamatay na Banat and Mga Patama Love Quotes


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Re:Mutton Pies (lleechef)


Re: lwIP PIC32 port - new title : CycloneTCP a new open source stack for...


Hato lada ym dei namar ka jingpyrshah jong U JJM Nichols Roy (Bah Joy) ngin...


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


From Male to Female